Koronaviruset covid-19: Gravferd i Øygarden, viktig informasjon til alle - oppdatert 5. mai

Denne informasjonen gjeld for gravferdsbyrå og andre som treng informasjon om gravferd i Øygarden,  uavhengig av tru- og livssyn. Me er her for å gi råd og rettleiing og saman kan me finne gode løysingar i ei tid som synes uoversikteleg for mange. Me har dyktige medarbeidarar i alle ledd.

Koronaviruset covid-19: Gravferd i Øygarden, viktig informasjon til alle - oppdatert 5. mai

Gravferder i Øygarden går som normalt, men seremoniar og oppmøte på grava følgjer førebyggande råd og pålegg frå Folkehelseinstituttet og lokal smittevernmyndigheit (Øygarden kommune). 

Gravferder skal skje med verdigheit og respekt, også for pårørande. 

For spørsmål ta kontakt med vårt kyrkjekontor: e-post post.oygarden@kyrkja.no eller telefon 400 03 316 måndag-fredag kl. 10.00-14.00.

GENERELT / FRAMMØTE PÅ GRAVPLASSEN VED GRAVLEGGING

Gravferdslova og smittevernlova vert følgd for gjennomføring av gravferder for avdøde uavhengig av tru- og livssyn. Det er kyrkjeverja som forvalter gravferdslova etter delegasjon frå kyrkjeleg fellesråd. 

Ved gravferd følgjer våre tilsette gjeldande ordning og tiltak for førebyggande smittevern og vil handheva tiltaka ved utføring av sitt arbeid og si rolle.

GRAVFERDSSEREMONI I KYRKJENE I ØYGARDEN (etter gjeldande smittevernrettleiar)

Inntil 200 personar kan delta i gravferda. Deltakande vert plassert spreidd i kyrkjerommet (dersom ein ikkje høyrer til i same husstand). Deltakartalet inkluderer nære pårørande, familie og andre deltakarar. Tenestegjerande personell (tilsette i Den norske kyrkja og tilsette i gravferdsbyrået) kjem i tillegg. 

Det er ikkje høve til å ha minnesamvær i våre bygg (kyrkjelydssalar og andre rom i kyrkja). Dette er fordi ein i desse romma ikkje kan oppfylle krav til smittevern. 

Personar som set i karantene som følgje av koronaviruset må ikkje møte opp i gravferder. Det er brot på karanteneglane. 

Personar med symptom på luftvegsinfeksjon kan ikkje delta i seremonien. 

Presten vil ta kontakt med pårørande på vanleg måte for samtale før gravferda. Også presten følgjer råd og pålegg frå Folkehelseinstituttet og lokal smittevernmyndigheit. 

GRAVFERDSSEREMONI UTANFOR KYRKJER/KYRKJEROMMET (IKKJE DEN NORSKE KYRKJA SI ORDNING)

Seremoniar utanfor Den norske kyrkja si ordning (ikkje i kyrkjene) er ikkje vårt ansvar. Den som arrangerer seremonien er ansvarleg for å følgje Folkehelseinstituttet sine råd og pålegg, samt råd og pålegg frå lokal smittevernmyndigheit. 

STRØMMING AV GRAVFERDER

Det er anledning til å strømme gravferder. Ordninga er slik for gravferder i Øygarden:

  • Gravferdsbyrået eller pårørande er fullt ut ansvarleg for heile opplegget, det tekniske og gjennomføringa.
  • Det må innhentast samtykke frå tenestegjerande prest, tilsette som vert eksponert og alle andre deltakande etter gjeldande personvernregla. Byrået eller pårørande må sørge for å innhente samtykke.

ANNAN INFORMASJON

Sjå fana GRAVFERD i hovudmenyen. 

Olav Martin Vik,
kyrkjeverje 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"